IPX Crew

Utan frivillige så er det nesten umogleg å få på plass alt til dei 300+ deltakarane som me har plass til ved IPX kvart år.

Me riggar opp til IPX på under 12 timar, noko som me er særs stolte av. Difor set me stor pris på alle som ynskjer å dele denna fantastiske opplevinga saman med oss, og skape eit kjempearrangement for ungdom og for vaksne som ikkje vil bli vaksne enda.

Så er du arbeidsvillig, har «ståpå»-mot og tid i haustferien, så ynskjer me ein søknad frå deg. Jo fortare du sender oss ein søknad, jo større moglegheit er det for at akkurat du kjem inn i den crew-avdelinga du måtte ynskje.

Admin

Dei som står som ansvarlege for at IPX blir arrangert, og at hallen og alt som høyre med blir klart til IPX.

Food supply

Food supply er ei crew-avdeling me ikkje kan vere forutan. Her lagar ein baguettar, steikjer pizzaer, selger leskedrikk, kaffi og andre herligheitar me har å tilby i kiosken vår under IPX. Som tidlegare nemnd så er det mange deltakarar og besøkjande under LAN-et, og derfor mange som til ei kvar tid treng mat og drikke. Derfor er det av stor viktigheit at personane i Food supply har eit levande vesen, positivitet, og sist men viktigast: god hygiene.

Media

Som media er du med på laget som sørgjer for å ta film og bilder før, under og etter arrangementet. Er du glad i fotografering, videoredigering og liknande? Då er dette plassen for deg. (Krev at du har utstyr sjølv)

Transport

Me veks kvart år, og har meir og meir utstyr som trengs å flyttast til IPX kvart år. Derfor har me i år eit eige crew dedikert til transport under opprigg, under sjølve arrangementet og nedrigg. Her er det eitt krav at du har førarkort klasse B og at ein har hatt førarkort samanhengande i minst 5 år. Har du eige varebil så er dette sjølvsagt eit stort pluss.

Scene-crew

Det er dei som står for alt av underhaldning og informasjon frå scenen under IPX.

Security

Som Security er du med på å ivareta tryggleiken til deltakarane og besøkjande under IPX. Det er mange personar under same tak, og som security så må du sørgja for at IPX sine retningslinjer og tryggleigstiltak blir overholdt. Utover dette så har Security også ansvaret for betaling og utlevering av billetter/band, samt at deltakarane oppførar seg etter vanleg skikk og bruk, og at ingen forsøplar. NB! For å søkja om plass i Security-crew så må ein vere fyllt 18 år innan LANet startar.

Tech:Support

Som Tech:support er du ein som deltakarane kan kome til om dei har eit problem med datamaskinen eller generell support tilknytta datamaskin. Her er «serviceinnstilt» eit nøkkelord.

Tech:Net

Her er hovudkjerna på eit LAN. Her er dei som har ansvaret for at deltakarane faktisk har internett. Dei passar på at nettet er stabilt og at deltakarane kan ha 100 % uplink gjennom heile LAN-et.

Søk crew

Søk crew

Namnet ditt (påkrevd)

Din epost (påkrevd)

Din alder, til dømes: 17(påkrevd)

Vel crew-avdeling. (påkrevd)
Hald inne CTRL samtidig som du vel, for å
melde di interesse for fleire crew-avdelingar.

Tech:Support og Compo er fylt opp

Emne på meldinga (Døme: Crewsøknad - IPXLAN)

Skriv inn litt informasjon om deg sjølv. Har du vore med på liknande før? Kva erfaring har du?