Informasjon og FAQ

Informasjon for deltakarar

Som deltakar må du først og fremst betala deg inn. Dette kan du gjere før du kommer via nettbestilling (sjå sida «billettar» for meir info) eller i døra når du ankommer lanet.

Så er det jo alltid nokon ting som du bør ha med deg, her er ein liten hugseliste:

  • PC med skjerm
    Me leige eller lånar ikkje ut PCer. Hugs å installere antivirusprogramvare(!) Virus spreiast ekstremt raskt på eit LAN så ta dine førehandsreglar! Det finst mange gratis antivirusløysningar på markedet.
  • Straumforgreinar
    Du får kun ett straumuttak og må derfor sørge for naudsynt forgreining slik at du får straum til PC, skjerm, mobilladar, osv.
  • Stol
    Me anbefalar alle å ta med sin eigen stol. Ein god kontorstol vil gjere helga betydeleg meir behageleg. Har du ikkje moglegheit til å ta med eigen stol, så vil det vere satt ut vanlege stoler som du kan bruke. Disse blir ein smule ubehagelige over ein periode med intensiv sitting.
  • Sovepose og liggeunderlag
    Om du har planar om å ikkje dra heim for å sove så må du ta med sovepose og liggeunderlag. Me har rom kor deltakarane kan sove og slappe av.
  • Personleg hygiene
    Hugs at det er mange som kjem til å vere rundt deg til ei kvar tid under lanet, så me anbefalar at du regelmessig får deg ein dysj, og at du alltid har ein deodorant tilgjengeleg.

Informasjon for foreldre

Vårt mål er å lage eit trivelegt og trygt arrangement for datainteressert ungdom i alle aldrar. Det betyr mellom anna at me har nulltoleranse for personar som er påverkja og/eller nyttar høve til inntak av rusmidlar og me tolerer heller ikkje noko form for mobbing eller annan utilbørleg oppførsel. Me har eit crew av myndige personar som sørgjer for vakthald og ser til att ingen uvedkomande får adgang til hallen og elles opprettheld normal orden.
Det er ingen aldersgrense på IPX, men me har satt ei nedre anbefalt aldersgrense på 13 år. Yngre enn dette og det vil verta påkrevd med kontakt frå føresatt/verge.

Av praktiske detaljar kan me nemna:

  • Det vil vera kiosk som er åpen under heile arrangementet der deltakarane kan få kjøpt mineralvann, kioskvarer og annan varmmat.
  • Det vil vera lagt opp til soveplassar under heile arrangementet for dei som ynskjer dette.
  • Som forelder kan du/dykk komme innom til ei kvar tid og sjå til ditt barn/ungdom om dette skulle vera av interesse.

Generelle LAN-reglar

 

§1.1 Den norske lov

§2 Generell folkeskikk
§2.1 IPX er eit rusfritt arrangement, utan unntak. Du vil bli kasta ut og få ein reprimande med på kjøpet. Politiet vil verta kontakta umiddelbart.
§2.2 Eventuelle skadar på ditt eige utstyr er ikkje IPX sitt ansvar.

§3 Straum
§3.1 Kun jorda stikkontakt. Utan unntak. Finn vi brot på denne regelen, medfører det til byting av stikkontakt.

§4 Teknisk utstyr
§4.1 Du har ikkje lov til å røre andre sitt utstyr utan deira samtykke.
§4.2 Du har ikkje lov til å røre IPX sitt utstyr. Dersom noko av utstyret vert skada eller ødelagt, skal det erstattast. I verste fall vert det politianmeldt.

§5 Utstyr
§5.1 Det er ikkje tillatt å ha med seg meir enn EIN datamaskin utan å ta dette opp med IPX-styret.
§5.2 Det er ikkje lov til å ha med seg store anlegg, grunna fare for høg spenning på straumnettet.
§5.2.1 Mindre anlegg er ikkje lov å bruke så lenge det pågår spelcompo. Brudd på denne paragrafen vil verte handheva med konfiskering av anlegg/høgtalar til arrangementet er over.

§6 Crew
§6.1 Security crew har rett til å kaste deg ut av lokalet grunna brot på ein eller fleire av reglane, eller ved ignoranse for fleire åtvaringar.

§7 Diverse
§7.1 Seksuell omgong er ikkje tolerert.
§7.2 Pengar vil ikkje verta refundert, utan ein særskild god grunn.
§7.3 Anbefalt aldersgrense for arrangementet er 13 år.
§7.4 Du har ansvar for å ha lest og forstått reglande før/under/etter arrangementet.
§7.5 Reglane kan verta endra utan forvarsel.

§8 Leketøy
§8.1 NERF guns er STERKT uønska. Me synast særs lite om desse ubrukelige leketøya, og vil sjå oss nødt til å konfiskere desse ved misbruk.

FAQ

IPX er eit LAN-party som blir arrangert ein gang i året. Dette er eit arrangement kor datainteresserte samlast med sine PCar/konsollar for å sosialiserast og spela saman. IPX er eit frivilleg arrangement og me mottar korkje statleg eller kommunal stønad. Det er heilfinansiert ved hjelp av adgangspris samt samarbeidspartnarar fra det lokala og nasjonala næringsliv.

IPXLAN vert avholdt ved Stord idrettspark (Vikahaugane/Nyehallen), på Stord i Vestland fylke. Stord ligg omtrent 2 timar sør for Bergen og 2.5 timer nord for Stavanger. LANet finn stad i haustferien, normalt i byrjinga av oktober.

IPXLAN tilbyr pr. dags dato sitteplassar til 304 deltakarar, kor 40 av plassane er våre premium “komfort” plassar.

Du kan ta med deg opptil 2 x 24″ eller ein skjerm/tv opp til 42″.

Me leggjer ut omlag 23 km med nettverkskabel, klar til å stikkast inn i din PC/konsoll.

Du kan ta med deg konsoll, men ynskjer du å ha med deg PC i tillegg så må ein ha kjøpt to billettar.

Hos vår billett leverandør har du moglegheita til å reservere plass etter at du har kjøpt billett.

Me har 4 garderobar me stiller til disposisjon for soving om det skulle vere behov. Garderobane er fritt vilt, så her er ‘førstemann til mølla’ prinsippet som gjeld.

Kontakt oss på vår Facebook-side om de ynskjer nærare avklaring rundt soveplassar.

Me anbefalar at du tar med deg favorittstolen din, då stolane me kan tilby kan verte noko harde etter som timane går. Skulle du ha behov for noko større å sittje i, til dømes ein sofa eller liknande, så vert det påkrevd at ein har kjøpt 2 billettar.
Me er stolt av å kunne tilby 24 timers open kiosk kor ein kan få kjøpe de herligste leskedrikker, diverse varm mat, snacks og bakevarer til gode priser. Vårt matcrew er alltid på plass for å tilfredstille dine behov, så sant det lar seg gjere!
Ynskjer du straum under arrangementet er det lurt å ta med eiga padde. Hugs at padder utan jording ikkje vert sluppen inn, då dette er ekte fysaker.

Me har kontinuerleg vakthald som held oppsyn rundt arrangementet. Våre vaktar er sjølvsagt myndige, og har blant anna ansvaret for å passe på at eventuelle brannfarar, rusa personar og mobbing ikkje finn stad.

Skulle det vere eit ynskje for deg som føresatt å vitja din deltakar under arrangementet, så er du hjartleg velkommen inn!

IPXLAN tar gjerne i mot besøkjande under arrangementet. Det vil verte høve for å kjøpe pass for heile arrangementet (100,-) som besøkjande allereie på opningsdagen.

Som besøkjande på IPXLAN har du moglegheita til å delta på våre scene-compos (konkurransar på scenen), og nokre av våre spelecompoar, til dømes FIFA kor førsteplassen stikk av med heile 1500,- og 500,- til andreplassen.

Me har også ein ‘arcade-sone’ med mange flotte retro spelkonsollar samt arcademaskinar med ei lang liste spel på som du kan benytte deg av og leve deg inn i fordums tid spelteknologi!

Kart og kompass