Innsjekk IPX ’17!

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter

Her vil det stå noko praktisk informasjon rundt innsjekk på IPX ’17.

Inngang;

Inngang vil vere via hovudinngangen til Nyehallen på Vikahaugane.

Her er det moglegt å vente innandørs skulle det vere dårleg vér. Vennlegst følg eventuelle innstruksar frå vaktane.
Deltakarar med ordinær vil få tilgang til sin plass klokka 13:00 07.10.2017.

OBS! Har du ikkje kjøpt billett vil du bli bedt om å gå bak i køen, då dei med billett har førsteprioritet i køen.

Plassvelgjar;

Fredag (06.10.) klokka 12:00 stenger moglegheita for å reservere plass. Detta grunna at me treng tid til å skrive ut og plassera plasslappar o.l.
Det er framleis mogleg å kjøpe billett på nettet etter dette tidspunket, berre då utan at ein får reservert plass.

Brukar av billett;

Har du ein kompis som har kjøpt billett til deg, så er det lettast for oss om kompisen din setter deg som brukar av billetten.
Dette gjer at dåke slepper å måtte vente på den andre personen skal sjekke dykk inn.

For å bytte brukar går du inn på “mine billetter” velge den billetten som du skal bytte brukar på,
trykker så på “overfør” og søker opp den personen som skal ha billetten.

Her kan du og bytte plass ved å trykke på “Bytt” bak “Sitteplass”

 

brukerMERK! Du må ikkje vere brukar av ein billett for å komme inn på IPX, så lenge den personen som har kjøpt billett for deg er saman med deg når du skal sjekke inn.

VIP;
Vedkommande som har kjøpt VIP Billett vil få moglegheiten til å sjekke inn på IPX ’17 allereie klokka 11:00.

Innsjekkingsbevis;
Me ber dykk om å ha alt av informasjon klar når dykk kjem fram til innsjekksdisken. Innsjekkingsbeviset er det viktigste. Dette gjer at innsjekk går mykje raskare.

FØREHANDSINNSJEKKING (SKRIVE UT INNSJEKKINGSBEVIS)

Når du har valgt din plass, så kan du skriva ut eit innsjekkingsbevis.
For å gjere dette, loggar du deg inn på Geekevents og klikkar på “mine billetter” i menyen til venstre;

 

innsjekk-1
Her klikker du på “Forhåndsinnsjekking” Merka med rød ring, da kjem denna opp;

 

 

 

innsjekk-2
Her kan du dobbelsjekke dine personalia om dei stemmer. Skulle det vise seg at noko ikkje stemmer så er det her ein endrar det.

 

Neste steg vil be om at du førar opp naudkontakt. Dette grunna då kan me enkelt kan finne fram til rett person skulle da vere noke.

Når du då klikke på neste steg igjen, er du ferdig med førehandsinnsjekking, og beviset ditt vil vere klart på “mine billetter” om nokre få minuttar.

Slik vil sida sjå ut når innsjekkingsbeviset er klart;

innsjekk-3
Her kan du då velgja “Last ned innsjekkingsbevis” som vidareføra deg til ei PDF-fil som du kan skrive ut.

 

 

 

Me glede oss skvett ihjel til å sjå dykk på IPX ’17!

Skulle det vere spørsmål rundt det du nett har lese, eller rundta andre ting ein lurar på, så ta kontakt med oss på Facebook eller på mail!

Mail: kontakt@ipxlan.no

Meir å lesa...