Ny compo!

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter

Me kan i år annonsera at det vil vere ein ‘World of Warcraft – transmog’ compo!

Så lurar du sikkert på kva spelereglane er? Juryen vil sjå på den mest gjennomførte transmogen, samt legge vekt på kva in-game bakgrunn som er nytta for å få ein heilhetleg følelse.

For å delta så sende du ein screenshot og ein armory link til oss på Facebook! Det vil vere open påmelding fram til compoen startar. Compoen vil forøvrig bli rekna som ein scenecompo, og deltakarar kan bli spørt spørsmål framfor ein open mikrofon.

Det vil kun bli delt ut premie til 1. Plass, kor vinnaren får 6 månadar med game time i World of Warcraft.

Jurymedlemmane Ronnie A. Gjerde, Endre Haslum og Andreas B. Dybvik ynskje dykk lukka til!

Meir å lesa...