Så smallt det: “Dei har skreve om oss!”

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter

“Dei har skreve om oss!” kom det på ein melding. “Jasså?” tenkte eg. Scenen der Boromir står bak Gandalf og spør “What new devilry is this” raste gjennom tankane. Var det eit rivaliserande LAN som yppa til munnhuggeri? Hadde nokon snakka styggt om oss?

For det hadde seg slik at for litt over eit år sidan så las eg på facebooken til ein ‘twitchar’ at han skulle til å spele compo på eit “small local LAN in Stord”, og det fekk det til å svartne for meg. Min storgalskap tillet ikkje orda “Small” og “LAN” i same settning. Uansett, ikkje visste eg, så eg raska meg inn på verdsveven for grunndigare undersøkjing.

Eg trengte aldri leita lenge. I da eg opna nyhendestraumen, så lyste den mot meg i all sin prakt. Konfettien hagla, og folk gjekk fullstendig av henglsene rundt meg! Det kom til og med ein med Boomblaster på skuldera med “Footloose” av Kenny Loggins. Her skulle det feires! Ingen ringare enn Gamer.no hadde skrive artikkel om oss. OSS! IPX hadde endelig gått nasjonalt, og det skulle ikkje lenge til før dagdrauminga var i full blomst. Eg såg meg sjølv forran ti tusenvis av mennesker. Eg såg òg meg sjølv forran ei kista fullt til randen med gullmyntar.
Ein bekjent pikka meg på skuldera og sa “Ey, bængshot, erru skækk eller?”

 

-Dramatisk attfortelljing av Andreas B. Dybvik

Meir å lesa...