Vérmelding: -Det meldes om flaum. Pengeflaum.

IPX har i år rekordstor premiepott, og ein kan allereie vinne stort uten i det heile ha deltatt i ein konkurranse. For berre ved å kjøpe billett er ein med i trekninga av eit gåvekort på heile 3000,- frå Komplett.

Som Hordalands største LAN kan me i år tilby rekordstor premiepott på ein verdi av ca 100.000kr.
Premiepotten består i hovudsak av pengepremiar til vinnarane i dei diverse compoane. Men ein vil også få moglegheita til å vinne feite premiar frå våre trufaste sponsorar som t.d. Xtrfy, GUNNAR Optiks og GT Omega.

74 500,- skal fordelast utover dei ymse turneringane i compolista vår.
Compo-oversikt finn du her.

-Xtrfy stiller også i år med gaming-gear til CS:GO vinnarane.
Nytt frå dei i år er Mouse Bungee USB Hub som me har fått moglegheiten til å gi ut i diverse konkurransar.

-GUNNAR Optiks stiller med sine gaming briller som er øyremerkja til pallplassering i League of Legends.

-GT Omega har vitterleg slått på stortromma i år, og tildelt oss heile 6 GT Omega Racing stolar som blir gitt vekk i ulike konkurransar, fordelt via scenecompo og spelecompoar.

Det er framleis høve å melde seg opp til compo. Compopåmelding vert stengt laurdag 6.10 kl. 20.00.

Det minkar på billettsalet, så ikkje gå glipp av din billett til Hordalands største LAN i dag!